
Fleire band klare for Sweden Rock Festival
Denne veka la Sweden Rock Festival ut ytterlegare ti nye namn. Blant dei annonserte var kanonar som Def Leppard og Whitesnake blant godbitane.
Sweden Rock Festival
Sweden Rock Festival har dei siste åra spikra sin posisjon som ein av Nord-Europas betre festivalar når det gjeld rock og metall. Dette fekk vi stadfesta då dei i dag bekrefta namn som Def Leppard, Whitesnake, Joe Satriani og Testament.
Nemnte Def Leppard og Whitesnake spelte også under festivalen i 2006 og fekk begge gode anmeldelsar. Testament bør appelere til dei med sans for hardare rock, medan Joe Satriani bør appelere til alle med sans for gitaronani.
Sweden Rock Festival har då i utgangspunktet booka fleire av sine headlinarar til neste år. Med Judas Priest, Whitesnake og Def Leppard kan Sweden Rock Festival seie seg fornøgde med bookinga så langt.
Det er då berre å booke billettane til neste års festival!
Del på Facebook | Del på Bluesky
Whitesnake og Europe til Hamar
(06.09.21) 2. juni 2022: Whitesnake med David Coverdale til Tjuvholmen Arena på Hamar.
Def Leppard - Songs From The Sparkle Lounge
(29.04.08) Er dette årets plate innan sjangeren for feelgood rock and roll?