
Steve Clark Borte, men aldri gløymt
I dag, tysdag åttande Januar, er det sytten år sidan Steve Clark, gitarist i Def Leppard, gikk tragisk bort i ein alder av berre 30år. På ein dag som dette er det all den gode musikken han lagde som vi bør heidre.
Stephen Maynard Clark
Stephen Maynard Clark blei fødd i Sheffield, England, april 1960. Etter ein vanlig oppvekst i arbeidarklassen trådde han sine første musikalske skritt i lokale band som blant anna Electric Chickie. Deretter vart han medlem av eit band ved namn Def Leppard.
Historia om Def Leppard bør vere godt kjent for dei alle fleste med eit hjerte for rock; etter å ha våre i spissen av New Wave Of Heavy Metal bølgja i England, tok dei Amerika med storm med sitt Pyromania album, deretter tok dei resten av verda med sitt Hysteria album.
For Steve Clark vart suksessen vanskelig å takle. Ingen har nokon gong gått i djupna på Steve Clark sine problem, og dette er heller ikkje dagen for å analysere noko slikt.
I staden for skal du leite fram High & Dry, Pyromania og Hysteria platene dine, sette deg ned og takke Mr. Clark for alle dei hardrocklåtane han har laga som har tålt tidenes tann.
For deg som har dårlig tid skal eg lage dagens speleliste til deg; Wasted, Photograph, Foolin, Too Late For Love, Hysteria, Die Hard The Hunter, Armageddon It og ikkje minst Switch 625.
Sjølv sytten år etter hans bortgang består Def Leppards setlist den dag i dag i stor grad av låtar som Clark var ein viktig bidragsytar på. Det seiar noko om viktigheita hans i bandet.
Kvil i fred Steve Clark.
Borte, men aldri gløymt.
Del på Facebook | Del på Bluesky
Def Leppard - Songs From The Sparkle Lounge
(29.04.08) Er dette årets plate innan sjangeren for feelgood rock and roll?