Def Leppard - Songs From The Sparkle Lounge
Er dette årets plate innan sjangeren for feelgood rock and roll?
For å vere ein kompisgjeng ifrå Sheffield, har Def Leppard klart seg godt. Etter å ha vært i fronten av New Wave Of British Heavy Metal bølgja på byrjinga av åttitalet, til å bli bua av scena under Reading Festival berre nokon år seinare. Frå megasuksess med Pyromania til Rick Allens bilulukke. Frå den enda større suksessen med Hysteria til Steve Clarkes død. Frå ein av tidenes største turnear med Adrenalize world tour til Statefairsturnear i USA. Frå nedstrippa scene under Slang og Euphoria og X turneane til fjorårets gigantiske scene, der dei saman med Journey var involvert i ein av fjorårets mest suksessfylla turnear.
Som ein enkelt kan forstå har originalmedlemmane Joe Elliott (vokal), Rick Savage (bass), Rick Allen (trommer) og nyervervingane Phil Collen (gitar) og Vivian Campbell (gitar) opplevd mykje iløpet av sine år i bandet. Pete Willis vart første offer for suksessen då han under innspelinga av Pyromania vart bedt om å forlate bandet etter lengre tids problemfylt atferd. Då kom ex- Lucy og Girl gitarist Phil Collen inn i bandet. Neste offer vart Rick Allens venstre arm, som han mista i ei bilulykke i 1984 men han kjempa seg tilbake. Hadde ein ikkje vist betre hadde ein trudd det var ein toarma trommis som spelte på dette albumet. Steve Clark var siste mann, han tapte lengre tids kamp mot Narkotika, alkohol og på mange måtar seg sjølv. Bandet gjorde ferdig Adrenalize og rekrutterte deretter ex-Sweet Savage, Dio, Whitesnake og Shadow King gitarist Vivian Campbell. Suksess er som ein forstår eit toegga sverd, og dette har på mange måtar bandet slitt med under dei siste åra. Ved seinare utgivingar som for eksempel Slang, Euphoria, X og Yeah har det vært veldig enkelt for kritikarar og kome med argumentet om at dei ikkje er like bra som Pyromania eller Hysteria. Dette til tross for at bandets stort sett har levert solide plater heile vegen. Også denne gangen har bandet levert ei solid plate og til tross for det vert det nok slakt som vanlig. Dette til tross for at vi får servert klassisk rock and roll, med nokon overraskingar. Def Leppard anno 2008 er fortsatt synonymt med tjukke gitarar, solide backupvocals, catchy refreng, ein av bransjens mest rutinerte rytmeseksjonar og Joe Elliots lett gjenkjennelige stemme.
Plata startar med GO! som på mange måtar minnar om Rocket frå Hysteria, men anno 2008. Forskjellen er kanskje at den er mørkare og ein hardare versjon. Nine Lives er første singel frå plata og er ein duett med Tim McGraw. Ja du leste rett, countryartisten Tim McGraw. Første gangen eg fekk kjennskap til dette samarbeidet, vart eg særs skeptisk, men sluttresultatet er meget bra. McGraws djupevokal går gått saman med Ellitos noko lysare vokal. Når eg no har starta med å samanlikne med tidligare låtar er Armagedon It den låta som ligg nærmast. Spesielt dei små gitarriffa som går gjennom låta minnar om sterkt om Armagedon It. Com`on Com`on starta som ein ide Rick Savage hadde der han ville lage ei låt som minna om ei fotballåt. Dette må ikkje forvekslast med dei horrible låtane vi må lide oss igjennom før kvar cupfinale, men dei korte morosame lett gjenkjennelige tribunesongane får England. Låta er ei slags blanding mellom Rock Of Ages frå Pyromania og Excitable frå Hysteria ispedd ei solid dose glamrock ala Marc Bolan og T. Rex. Med andre ord ukomplisert rock and roll med eit catchy refreng. Denne låta skal også vere bandets andresingel.
Love er første ballade ut, og overraskande nok den siste ballada på albumet. Desto meir overraskande er det då at dette kanskje er platas svakaste spor. Den startar friskt, men dett nedpå ballade nivå raskt. Denne minnar om ein del om ein av dei balladane som vart servert på X. Nærmast er kanskje Long Long Way To Og, om ein berre trekk vekk det catchy refrenget som sistnemnte hadde. Vidare kjem Tomorrow, som er ei låt om Phil Collens far, som dessverre gjekk bort for ikkje lenge sidan. Men i-motsetning til dei fleste låtane som handlar om å myste nokon som står deg nær, er dette ei låt med futt og fart i. Det nærmaste vi kjem ei samanlikning med tidligare låtar er å kalle det ein rockaversjon av When Love & Hate Collide frå Vault. Tomorrow har og ein av platas råaste gitarsoloar med nemnte Collen i spissen. Campbell vil ikkje vere noko dårligare og kjem stormande inn med sin beste solo på påfølgjande låt. Cruise Controll ville passa perfekt innpå Slang frå 1996, det vil seie at den har den litt dystre lyden som det albumet hadde, berre med litt fart som det albumet mangla eindel av.
Hallucinate er klassisk treminutters poprocklåt som Def Leppard er ekspertar på. Slenger eg med at det her er nok ein feit gitarsolo forstår ein at dette er ei topp låt. Only The Good Die Young er Vivian Campbells tribute til falne heltar som Hendrix, Joplin og tidligare gitarist Steve Clarke. Denne låta minner veldig om ei låt som Journey kunne ha laga hadde Steve Perry fortsatt vært i bandet. Det virkar i hvert fall som bandet vart inspirert av deira felles turne for eit par år tilbake. Bad Actress minnar om Back In Yer Face frå Euphoria isped litt gitarattitude ala Another Hit and Run frå High & Dry. Bad Actress har platas råaste gitarduell mellom Collen og Campbell. Låta handlar forøvrig om kjendisar som ikkje har noko anna å bidra med enn eit par heimelaga sexvideoar og dårlige reality shows. Come Undone er ei frisk rockepoplåt som fortsetter å blande låtar frå Euphoria med attituden frå Pyromania, mykje tøff gitar med påfølgjande catchy refreng. Gotta Let It Go avsluttar albumet med nok ei pedalen i golvet låt. Heilt til slutt får vi levert eit bonusspor, som er tidligare nemnte Love i piano versjon, her blir noko av det dårlige inntrykket som den elektriske versjonen gav retta opp.
Plata er fri for fyllstoff, utanom nemnte Love, og det er ikkje kvardagskost i dagens musikkmarknad. Derfor bør du sikre deg denne godbiten. Plata har mykje av attituden frå eldre plater som On Through The Night og High & Dry ispedd ein solid dose glammental, som bandet viste de var veldig inspirert av på Yeah! Albumet. Legger du på sounden som Def Leppard etterkvart har blitt kjent for, har du plata enkelt oppsummert. Rock and roll slik det skal vere. Enkelt og ukomplisert, samtidig som du blir blåst bakover over låtane.
Del på Facebook | Del på Bluesky