Marilyn Manson - Eat Me, Drink Me
Når Marilyn Manson no kjem stormande tilbake med sitt Eat me, Drink me album, så er det etter lengre tids venting for fansen. Albumet vart rapportert nesten ferdig allereie hausten 2005, og slikt byggar opp forventningar. Men blir desse innfridd? Les vidare så får du sjå.
Sjokkrockaren Brian Hugh Warner er tilbake med den første plata med original materiale sidan suksessplata The Golden Age of Grotesque vart gitt ut 2003. Brian Warner, betre kjent som Marilyn Manson, har på denne plata gjort alt arbeidet saman med svensken Tim Skold.
Eat Me, Drink Me er eit album som overraskande nok datt ned på plussida hos meg. Underteikna har opp gjennom åra utvikla eit nokså negativt forhold til denne mannen. For etter å ha sett musikkvideoar, der Manson sjokkerte. Vart det enkelt å sette han i bås som ein av dei som ikkje hadde nok musikalsk talent å spele på, og dermed måtte bøte på dette med sjokkerande utsjånad og bodskap.
Så når Eat Me, Drink Me entra cd spelaren i heime til sterkt rockereligiøse Abeltun, var det ikkje lett å legge vekk den gode norske holdninga om å vere skeptisk til alt nytt. Men eit par låtar inn i plata satt eg jaggu meg å trippa takta med både høgre og venstre fot.
Frå If I Was Your Vampire tek deg med på ein tur gjennom Mansons dystre tekstar som utelokkande held seg til tema som; depresjon, frustrasjon, død, barnedrap, hekser, vampyrar, dop, sjølvmord osv. Til plata vert avslutta med Eat Me, Drink Me er det ikkje ein gong eg tek meg sjølv i å dette ut av plata, for gjennom samtlege låtar er det enkelt å føle seg som ein zombie bergtatt av Mansons dystre tekstar og hans hypnotiserande stemme.
Dei spora som skillar seg positivt ut er If i Was Your Vampire, singelen Heart Shaped Glasses og Evidence.
If i Was Your Vampire setter standarden for resten av albumet når Manson synger I love you so much, i must kill you now forstår vi at dette ikkje er musikk for kven som helst. Låta har ei dysterheit over seg som er skapt av hard seig og musikk.
Heart Shaped Glasses er platas singel og det er ikkje vanskelig å forstå kvifor. Heart Shaped Glasses er noko av det nærmaste Marilyn Manson kjem ei ballade. Med Generelt litt lavare tempo på gitar, tromme og bass er dette platas rolegaste låt, men absolutt ei bra låt likavel.
Evidence er ei overraskande catchy låt som er anført av trommer som mest minner om milde kamptrommer. Når refrenget kjem kastar Tim Skold seg på med ein gitar som skapar den perfekte dystre stemninga i songen. Tim Skold si gitarspeling er noko som utpeikar seg i positiv retning generelt på albumet. Seige harde gitarriff står fint i stil med resten av platas musikk, og ikkje minst passar det veldig godt saman med Mansons tekstar og seige vokal.
Alt i alt må eg innrømme at denne plata var ei meget positiv overaskelse.
Løp og Kjøp? For alle med sansen for litt alternativ rock vil denne plata være det som dykk leitar etter. Mens dykk som var på Justin Timberlake konsert forrige veke nok bør styre unna denne.
Del på Facebook | Del på Bluesky