D.D.E. - 15år Live
D.D.E. er ute med enda eit samleverk. Denne gang iform av ei live plate som har opptak frå konsertar frå dei siste fire åra. Vi får her servert songane som vi alle kjenner så godt frå før av. D.D.E. har haldt det gåande så lenge at det skal godt gjerast å trø feil på ei best of samling.
Folkeligheita til D.D.E. har nok blitt diskutert opp og ned i årevis, så dette skal eg ikkje begi meg ut på. Det som er så utrulig spesielt med D.D.E. er deira utrulige appell til stort sett alt og alle i Norge.
Du skal vere rimelig viljesterk, vist du halv tre på laurdagsnatta ikkje syng med når Rai Rai vert spelt på full guffe. Du skal ha levd under ein stein dei siste 10åra vist du aldri låg oppe å hørte Vinsjan På Kaia på nattønsket på NRK radio. D.D.E. er omtrent så norsk som det går an, kun Åge Aleksandersen, brunost, ski og påskeferie på hytta er på same nivå som D.D.E. når det gjelder å være urnorsk.
D.D.E. har no nådd eit punkt i sin karriere der det skal godt gjerast å trø feil, med songar som Rai Rai, E6, Vi E Konga, Vinsjan På Kaia, Rompa Mi og Byn Æ Bur I er alle D.D.E.`s former for samlede verker sikre vinnarar.
Men kva så med denne plata, skiller den seg ut i D.D.E. katalogen? På ingen måte, men som alltid leverer dei det du forventar, det vil seie musikk som gjer deg i godt humør.
Løp og Kjøp? Perfekt til fest, bilen, fest, oppmuntring, fest og fest. Ditte e musikk som kjem til å leve evig. Derfor bør du sikre deg denne.
Del på Facebook | Del på Bluesky