
Spoonfool ut av garsjen?
Oslobandet Spoonfool ligg i øyeblikket som nr. 1 på den internasjonale musikksida GarageBand.com med låta "The King is dead", der vinnaren annan kvar månad får ein platekontrakt verdt $250.000.
Spoonfool har også tidlegare gjort det bra i ein nettbasert konkurranse då dei vann Urørt - NRK Upunkts demokonkurranse på nett, og blei sendt til by:Larm 2001.
Tidligere har Katthult gjort det bra på Garageband.com, og kom bl.a. med på ein kompilasjons-CD som blei utgjeve av nettstedet og distribuert i heile verda.
Garageband.com er open for alle typar artistar og gjev ein unik sjanse for band å bli høyrd. GarageBand.com samarbeider med ei rekke sterke aktørar i bransjen, og band som er med blir jamnleg plukka ut til å bli vurdert av musikkprodusentar som George Martin, Brian Eno, Dave Jerden med fleire.
Per Ivars Orkester har tidlegare blitt vurdert av produsent og tekniker Karl Derfler som har jobba med gamle amerikanske punkband som Angry Samoans, The Nuns og The Dicks.
Gründere bak GarageBand.com er m.a. Jerry Harrison - tidligere Talking Heads-keyboardist og Tom Zito - musikkjournalist for mellom anna Washington Post, Rolling Stone, Life og Newsweek.
Del på Facebook | Del på Bluesky