Venke Knutson - Crush
Underteikna var nyleg på Gran Canaria, og måtte i den høve lide seg gjennom kveldsunderholdning ved hotellets bar. Då trudde eg faktisk at botnen var nådd når det gjaldt musikalske prestasjonar, uheldigvis låg Venke Knutsons nyaste plate og venta på meg ved ankomst Noreg.
Vist nokon no anklagar meg for å ha inntatt ei negativ innstilling til plata før eg har høyrt den, vil eg henvise til mine tidligare annmeldelsar for liknande artistar.
Kva er så problemet, lurar du kanskje på? Vel, Venke Knutson er ikkje nokon stor sangerske, det høyrast til tider veldig anstrengt ut når ho forsøker med høgare tonar. Nokon vil til og med synast at dette er på grensa til ubehagelig.
Tekstmessig blir det nærmast komisk med linjer som; Dont you wanna think outside the box? Lurer på om Venke Knutson har fått med seg ironien? Trash all the others, its you and me, we should go exclusively, if you aske me I`ll tell you I do, go crazy over you. Dette er tekst som tretten år gamle R`N`B wannabes kan overgå.
Til slutt er musikken omtrent som ein blåkopi av liknande artistar, bortsett frå at all sjarm og særpreg som andre artistar i denne sjangeren kan ha er borte vekk.
Denne plata representer i grunn mykje av det som er galt med musikkverda for tida. Det virkar som at ein hitsingel er nok, så gir ein ut eit album som ikkje held mål. Når Universal Music klager på fallande salstal bør dei kanskje ta ein titt på dei platene dei gir ut. Kanskje bør kvalitetskontroll vere eit av emna på neste styremøte i Universal Norge?
Noko positivt er det heldigvis; Plata er kun 35minutter lang. Ho skal og få skryt for at ho ikkje har falt for fristelsen for å fylle opp coveret med lettkledde bilde av seg sjølv, det hadde vært det absolutt lavmål, men på den andre sida hadde det da kanskje kunne vært noko interessant med denne plata.
Løp og Kjøp? Ser eg nokon av mine kompisar med denne plata, så har eg mobbeammunisjon i nærmare ti år.
Del på Facebook | Del på Bluesky