The Police - Best Of
For godt over 20år sidan var Andrew James Somers, Stewart Armstrong Copeland og Gordon Matthew Thomas Sumner på toppen av hit og salgslistene verden over takka være sitt arbeid med The Police. No kjem dei med nok ei best of samling og nok ein gong går det ikkje mange låtane før vi forstår kvifor dei var så populære.
Dei som vistnok skal ha peiling på musikk seiar så fint at god musikk skal tåle testen av tid. Så når ein sett på denne samlinga av låtar som viser The Police sin punk/rock/reagge/pop inspirerte musikk, går det ikkje lange stunda før du som lyttar oppdagar at The Police enkelt og greitt har tålt denne testen. Med ein hitkatalog som inneheld Roxanne, Message in a bottle, Fall out, Dont stand so close to me, Every breath you take, Walking on the moon, Every little things she does is magic og låta med det herlige namnet de do do do, de da da da er det duka for ei hitparade som få band kan matche.
Med andre ord: Ei plate spekka med hits som tek deg tilbake til det glade 80talet. Og ei plate som er verd dei hundrelappane du må kvitte deg med for å få den i cd hylla di heime.
Så når grunnen til denne plata, nemleg ein storstilt turne, eventuelt kjem til Noreg bør du få den med deg. For dette er musikkhistorie som du aller helst ikkje bør gå glipp av.
Del på Facebook | Del på Bluesky