Roskilde `07: The Who
Vi har alle opplevd dagar der du seiar til deg sjølv: Dette gløymar eg aldri. Laurdag sjuande Juli 2007 kjem for alltid til å vere ein slik dag for meg.
Roskilde `07 / /
Rett etter The Whos magiske aften på den Orange scene gjekk eg direkte tilbake til pressområdet i den tru at orda kom til å boble ut av meg. Men etter nokon minutter gjekk det opp for meg at eg rett å slett ikkje hadde evne til å kunne forklare kor magisk opplevelsen var.
Etter heimkmomst frå festivalen gjer eg nok eit forsøk på å skrive noko fornuftig. Men det går kjapt opp for meg at notatane som eg skreiv under konserten var totalt uleselige i ettertid. Eg huskar då på at eg tenkte under konserten at eg kunne skrive på blokka utan å sjå ned for då slapp eg å gå glipp av noko.
Under kjem ti leselige stikkord, som eg noterte ned underveis i konserten:
1. Can`t Explain: Townsend er i vindmølle modus.
2. låt to står oppført med følgande tekst: Konserten har tatt av umiddelbart.
3. Behind Blue Eyes: Visar Fred Durst korleis ein framførar ein klassikar.
4. Baba O`Reiley: Eg har gåsehud heile sangen. Fy faen kor det tok av.
5. Magic Bus: Konge munnspel.
6. My generation: Lev eg like bra som dei karane gjer når eg vert gammal, kan eg godt bli gammal. Men skyt nokon meg akkurat no vil eg dø som ein lykkelig mann.
7. Won`t get fooled again: Var redd for at dei ikkje kom ut igjen for encore.
8. Pinball Wizard: Herregud for ei setlist. Kongesong.
9. Amazing Journey: Townsend vise oss alle koffor han er og blir ein gitargud.
10. See Me, Feel Me: Daltrey er i ett med musikken.
Det er slike dagar ein takkar skaparen for at ein ein dag for mange år sidan at ein utvikla eit nært religiøst forhold til musikk. The Who viste The Killers, Queens Of The Stone Age, Mastodon, In Flames, Beastie Boys, Hayseed Dixie, Red Hot Chillipeppers og alle dei andre banda på Roskilde festivalen korleis ein klassisk aften skal gjennomførast: Innlevelse, genuinitet, kjærleik for eigen musikk og publikum og ikkje minst eit låtutvalg som ALLE band kan misunne dei.
For å skrive annmeldelsen slik eg i utganspunktet hadde tenkt, men sida ikkje turte: Fantastisk!
PS! Setlisten var ikkje lesbar etter konserten, men bandet spelte blant anna desse låtane: Can`t Explain, Who Are You, Behind Blue Eyes, Baba O`Reiley, You Better Bet, Magic Bus, My Generation, Won`t Get Fooled Again, Ekstranummer: The Kids Are Alright, Pinball Wizard, Amzing Journey og See Me, Feel Me.
Del på Facebook | Del på Bluesky
Gjennomtenkt spontanitet hos Lukka Lag
(27.08.25) Et dramatisk landskap, fullt av plutselige stopp og teatralske snuoperasjoner.