Roskilde ´07: Mastodon
Amerikanske Mastodon overbeviste til tross for dårlig lyd.
/ /
Forsinka med ein ein LANG halvtime kom Mastodon på scena med dunder og brak. Med bassist Troy Sanders og gitarist Brent Hinds i hovedrollene fekk dei med seg publikum frå først stund og holdt dei i sitt jerngrep til konserten var ferdig.
Mastodon hadde ikkje lyden med seg på denne konserten. For makan til grautete lyd skal ein leite lenge etter, utan øreproppar var det veldig vanskelig å skille dei enkelte bandmedlemma frå kvarandre, men dette såg ikkje ut til å plage publikum i nevneverdig grad.
Sanders og Hinds må vell seiast å vere det visuelle holdepunktet i bandets show. Hinds sang, hoppa og spelte som han var besatt av fanden sjølv. Bassist og vokalist Sanders holdt også eit rimelig heftig aktivitetsnivå.
Sanders og Hinds deler på vokalist rolla, noko som gir bandet fleire nivå å spele på. Der Sanders held seg til det som kan kallast synging, kan Hinds synging samanliknast med med mørkemannen som ropar i raseri. Gitarist Bill Kelliher og trommis Brann Dailor gjorde også eit solid inntrykk, men dei vart ganske så overskygga av det voldsomme aktivitetsnivået til dei andre to i bandet.
For å oppsumere kort: Mastodon overbeviste veldig.
Del på Facebook | Del på Bluesky
Gjennomtenkt spontanitet hos Lukka Lag
(27.08.25) Et dramatisk landskap, fullt av plutselige stopp og teatralske snuoperasjoner.