Roskilde `07: In Flames
In Flames inntok den orange scenen med sin melodiøse death metal med ett brak. Publikum, var med frå første sang og med mykje publikumsfrieri mellom sangane ledet av vokalist Anders Friden, var publikums fokus sikra gjennom heile konserten.
In Flames / /
In Flames inntok den orange scene på roskilde festivalen omtrent klokken 17:30, og sjølv om det ikkje var like mykje folk som på dei seinare konsertane denne dagen, var det ikkje mykje som stod tilbake med tanke på lydnivå frå publikum.
Med ei stortromme som trua med å forstyrre hjerterytma til folk og ein vokalist som operererte på aktivitetsnivå som bare små barn rusa på brus kan matche. Samt to stykk gitaristar som imponerte med sin melodiøse speling var suksessformelen ein faktor.
Den eine godlåta vart etterfølgt av den neste, og der dei fleste band så langt på denne festivalen har opplevd dødpunkt frå publikum, viste In Flames at deira melodiøse death metal hører heime på dei store scener. Publikum var med frå start til slutt.
Vist min kjøre lesar nokon gong får muligheita til å sjå In Flames live, anbefalar underteikna deg på det aller største å benytte deg av akkurat den sjansen.
Del på Facebook | Del på Bluesky
Gjennomtenkt spontanitet hos Lukka Lag
(27.08.25) Et dramatisk landskap, fullt av plutselige stopp og teatralske snuoperasjoner.