Roskilde ´07: The Killers
The Killers konsert på Roskilde 07 viste at bandet nok har eit stykke igjen før dei passar inn på ei så stor scene som den orange scene på Roskilde festivalen er.
The Killers / /
The Killers fekk den utakknemlige oppgaven å få tusenvis av fans til å gløyme at regnet hadde øst ned over festivalområdet i timesvis. Det var ei oppgave dei dessverre ikkje lykkast med.
The Killers viste torsdagskveld at dei fortsatt har eit altfor ujamnt låtmateriale til å kunne bergta tusenvis av fans i ein og ein halv time. Når godlåtar som This River Is Wild, When We Were Young og Somebody Told Me vart framført var publikum med. Men så raskt The Killers bevega seg utanfor det mest kjente låtmaterialet sitt vart det raskt for kjedelig. Publikum mysta interessa og underteikede var ein av dei. Plutselig vart det artigare å skvette søle på sidemannen.
The Killers kan heldigvis ikkje annklagast for å ikkje prøve. Frontmann Brandon flowers var i konstant bevegelse og prøvde så godt han kunne å halde oppe trykket. Problemet er rett å slett at låtmaterialet ikkje er godt nok til å halde fokuset til eit så stort publikum.
Kort oppsummert kan ein seie at den orange scene på Roskilde verka for stor for The Killers.
Del på Facebook | Del på Bluesky
Gjennomtenkt spontanitet hos Lukka Lag
(27.08.25) Et dramatisk landskap, fullt av plutselige stopp og teatralske snuoperasjoner.