Roskilde `07: Beastie Boys
Med ein haug med hits og haugevis med velkjente låtar var det aldri nokon tvil om att Beastie Boys sin opptreden på den orange scene skulle bli ein suksess.
/ /
Med Mike D, Adrock og MCA på scena er vi alltid sikra ein variert konsert. Når ein har tre hovedmenn å forholde seg til er det fort gjort at det kan bli litt kaotisk for publikum å fælge med på det som skjer på scena. Men dess karane har altfor mykje rutine til å gå i den fella.
Med solid framføring av låtar som Three MCs and One DJ, Intergalagtic og ikkje minst Sabotage var fredagens konsert utvilsomt ein suksess. Spesielt under Sabotage var det tydelig at publikum hadde venta lenge nok på denne sangen, hadde det vært tak over publikum på fredags kvelden er eg nemlig overbevist om at taket hadde letta.
Beastie Boys er etter kvart blitt såpass rutinerte, at der andre band ikkje tacklar presset med så mykje publikum, viser dei at nærmare 70000 tilskuarar ikkje er noko problem for dei å vinne over med sin solide katalog av songar.
Del på Facebook | Del på Bluesky
Gjennomtenkt spontanitet hos Lukka Lag
(27.08.25) Et dramatisk landskap, fullt av plutselige stopp og teatralske snuoperasjoner.