Pikkabird: Departures

Aaaaaah, den deilige følelsen av noko nytt som ein blir enormt begeistra for sprer seg i kroppen min.


Sunnmørsbandet Pikkabird med Werner Røyseth (vokal og gitar), Olav Martin Haddal (gitar), Ragnar Ørstavik (bass) og Dag Havåg (trommer og samples) er ute med sitt debutalbum, "Departures". Og for ein debut! Med ei særs stemningsfull indiepop-plate måtte denne annmeldaren berre legge seg langflat og innrømme at så langt i år er dette etter all sannsynligheit årets beste plate.

Plata er enkel i produksjon, men er samstundes så vakker, komplisert og sjarmerande på same tida at ein sitt igjen med følinga av ei komplisert plate.

Godlåtane er mange; "You Must Be New Here", "Hold Me Back", "Crazy Days", "Silvia", "Sorry Eyes" og "Skippingstones" er alle vakre låtar. Felles for desse låtane er at dei alle har catchy rytmegitar og fin oppbygging av låtane. For folk som på død og liv vil samanlikne band med andre band var dette det eg tenkte undervegs; ”Dette høyrast ut som den mindre kommersialiserte naboen til Snow Patrol.”

Det einaste svake sporet på denne plata er "Hot Air Balloon" som på mange måtar manglar alt det sjarmerande med bandet, borte er gitaren, og den har blitt erstatta med ein trompet som dessverre ikkje klarer å lage den same vakre stemninga som i dei andre låtane.

For dei som ønskar smakebitar, kan bandets Myspaceside anbefalast. Dessverre er det berre "Crazy Days" som er verdt å få med seg derifra, resten må du kjøpe plata for å få med deg.

Er du av dei som likar å vere i forkant av hypane som herjar landet vårt kvart år? Då spring du til nærmaste platesjappe eller pc og kjøper denne plata. Er du ikkje fornøgd, skal eg smekke meg sjølv over fingrane med ein linjal. Æresord!


Del på Facebook | Del på Bluesky

Bjørneboe er død. Leve Bjørneboe.

(10.05.26) Forræderen er den virkelige, den eneste helten.


The Black Keys på tomgang

(09.05.26) Lille speil på veggen der, hvem er det mest slitne og giddalause bandet i verden her?


Psykedeliskfolkemusikkprogjazzrockpop

(08.05.26) Dette var ei massiv sjelelig reise. Lydbildene var så intenst store og fargerike at jeg forsvant litt inn i konsertboblen, den der det eneste som eksisterer er musikken og bildene og alt utenfor er bortevekk for en stakket stund.


Ringo koser seg i gyngestolen

(07.05.26) Gode, gamle Ringo (85). Favorittbestefaren til alle som liker The Beatles. Han gir ut plater støtt og stadig, og befinner seg åpenbart på et sted i livet der det er godt å være.


Den kristne rebellen Erik Hillestad

(05.05.26) Den er en anstrengelse å lese, og den må ha vært en anstrengelse å skrive. Men det er mödan värd, som svenskene sier. 500 sider mat for tanken.


Kneecap i smulere farvann

(04.05.26) På ingen måte noen lettvekter, men hviler det en spesiell ro over denne skiva?