Mel C - This Time
Melanie Chisholm, betre kjent som Mel C, er tilbake med sitt solo album nummer fire. Med This Time visar ho at kunsten å lage midtempo poplåtar med catchy refreng forsatt er noko ho har grepet på.
Mel C skulle vell ikkje trenge nokon nærmare presentasjon. Vist du ikkje levde under ein stein frå midten av nitti tallet til byrjinga av det nye årtusenet, så bør du ha fått med deg at Mel C var medlem av Spice Girls i dette tidsrommet. Men etter mange solgte plater så var deira tid over og dei forskjellige Spice Girls måtte gi seg i kast med eigne solo karrierar. Av desse solokarrierane så er det vell strengt tatt kun Mel C som har oppnådd salstal og annmeldelsar som det er verdt å skrive heim om.
Med sitt fjerde soloalbum This time, som er den andre plata Mel C gir ut på sitt eige plateselskap Red Girl Records, kjem ho med ei plate som er heilt på det jamne. Frå strålande radiosongar som Carolyna, Forever Again, The Moment You Believe og Out of time, til dei kjedelige albumspora Understand, Protected og Your mistake så endar plata der ein eigentleg rekna med at den ville ende. Akkurat sann midt på treet, dårlig nok til at den går mange hus forbi, men absolutt bra nok til at mange nok vil velge å kjøpe plata.
Av høgdepunkt så skal det godt gjerast å kome utan The MomentYou Believe. Med strykarar, piano og eit allsong vennleg refreng så vil nok denne låta bli spelt på ein radiostasjon nær deg.
Det som er å trekke er at vokalen til Mel C vert noko kjedelig i lengda og når størstedelen av plata består av rolege låtar vert det etterkvart noko fôrutsigbart. Ein får fort følelsen av å ha hørt ei låta før og dermed også fort føling med rykk i skip fingeren.
Men som sagt tidlegare så har Mel C på denne plata vist, i hvert fall i små dosar, kvifor akkurat ho var medlem i tidenes mestselgande girlband. For med dei sterke låtane visar ho at kunsten å lage catchy poplåtar med refreng som er skapt for heavy rotation på radio ikkje er noko ho har gløymt.
Løp og Kjøp? For folk som likar radiovennlige poplåtar er dette absolutt å anbefale. Likar du derimot musikk av det litt tyngre vil vi nok alle vere betre tent med at nettopp du styrar unna denne plata.
Del på Facebook | Del på Bluesky