
Eksistensielle spørsmål
"I dette skrift har jeg villet forsvare eksistensialismen mot visse angrep som ar vært rettet mot den." Skriftet er Jean Paul Sartres Eksistensalisme er humanisme, som han skreiv i 1946. På norsk kom det ein gong på femtitalet, i serien Cappelens upopulære skrifter, som vi kjøpte for under ti kroner stykket.
I min ungdom var det in å vere eksistensialist, sjølv om dei fleste ikkje hadde betre greie på det enn at det var noko med fridommen til å velje. Frihetens veier er framleis den store Sartre-romanen min, men kva var det Sartre ville imøtegå?
"For det første har man bebreidet eksistensalismen at den innbyr menneskene til å stivne i en slags håpløshetens kvietisme, fordi enhver handling i denne verden skulle være utelukket . Man har også bebreidet oss at vi stadig understreker menneskets utilstrekkelighet og stadig peker på det skitne, motbydelige og slibrige, mens vi glemmer alt det vakre som gir lysning over tilværelsen."
Slik tek han for seg innvending etter innvending, i ei tid då det var mote å vere eksistensialist eller å kalle nokon det, samstundes som Sartre var under eld frå marxistar, kommunistar og kristne. Dei siste hevda at han forenekta røyndomen og alvoret i menneskelege tiltak.
Kan hende sit dei med den same kjensla, stjernene som på pressekonferansar må svare for alle dei fikse ideane folk har om musikken deira, om sjølvoppatninga og om dei tykkjer verda går framover.
Miles Davis vart ein gong spurd, i Molde, om han lytta til "contemporary music", og det var nummeret før han kasta ut alle bladfolka. I går gjorde Herbie Hancock eit ironisk forsøk på å ta journalistrollen og stelle dei dumme spørsmåla, før Michael Brecker tok ordet og gjorde opp med mytene om kor ikonisert dei store stjernene var når dei levde.John Coltrane kunne bli pipen ut av si samtid og skulda for å spele anti-jazz.
Men det ein Roy Hargrove slepp for lett unna med når han snakkar om kor dumme folk er som berre høyrer på dum musikk, er den amerikanske jazzens eige problem med å fange interessene til nye generasjonar.
På plata New Directions In Music spelar Hargrove sjølv så det gnistrar. Med sine eigne band kan det tidlege vidunderbarnet lyde som ein søvndyssande matt kopi av amerikansk standardjazz. Mens ein ung musikar som Joshua Redman ikkje treng hjelperyttarar av Hancock og Breckers format.
Då Redman møtte Bugge Wesseltoft på Kongsberg, var det ikkje for å leve opp til ein journalistisk hype - i dette tilfelle om det gammaldagse USA mot det moderne Europa. Det var eit møte mellom likemenn, hadde eg nær sagt, mellom folk på den same jazzplaneten. Og som Herbie Hancock sa til yndlingsspørsmålet om jazz eller ikkje jazz:
Eg bryr meg ikkje om kva folk oppfattar det som, berre dei tykkjer det er bra.
Kan vi snart sleppe det spørsmålet no?
Del på Facebook | Del på Bluesky
Pjolterguys - endelig på skive
(12.05.26) Ni låter, tjueen minutter, helt perfekt for et hardcoreband.
The Black Keys på tomgang
(09.05.26) Lille speil på veggen der, hvem er det mest slitne og giddalause bandet i verden her?