The Kooks - Always Where I Need To Be (sgl)
Indierock fenomenet The Kooks er tilbake med ny plate. Som seg hør og bør er det då singelslepp først.
Tilbake i 2006 tok indierockarane i The Kooks England med storm. Ei mengde platinautmerkingar og fleire hitsinglar var sluttresultatet då.
No er dei klar med sin nye singel, Always Where I Need To Be, som attande april vert etterfølgt av bandets andre album Konk.
Etter den nye singelen å dømme er det mykje av det same som kjem denne gangen også. Sjølv om dette berre er ein singel kan det hørast ut som lydbildet kanskje blir litt meir straumlinjeforma og derav vert det hørandes litt meir kommersielt ut. Indierockarar verda over vrir seg nok i smerte når eg skriv at det kan virke litt meir kommersielt, men det høyrast absolutt like bra ut som det gjorde førre gang.
Forventningane er skyhøge til Konk, men gjennom singelen kan ein tolke det slik at nedslaget blir fjellstøtt og med særs god stilkarakterar.
Del på Facebook | Del på Bluesky