Den totale musikkens siger
Med Ronaldo-skjorta på gjekk Eirik Hegdal i spiss og leia Trondheim Jazzorkester til siger.
Trondheim Jazzorkester / /
Speletida var nitti minutt pluss eit ekstranummer, men då var utfallet alt avgjort, etter at bandet like godt slo saman dei to omgongane til ein. Laget var ti mann og ei kvinne, og systemet likna den offensive totalfotballen som ein gong kom frå Europa og valsa over det norske landslaget, som ikkje forstod at spelarane var alle stader og ingen stader på ein gong.
Eirik Hegdal er den nye leiaren for Trondheim Jazzorkester, etter Erlend Skomsvoll (som framleis er med som pianist). Under Midtnorsk Jazzsenter er dette i røynda det einaste offentleg finansierte store bandet i Norge, med skiftande leiarskap og mannskap.
Frå Dingobats vil Hegdal vere kjend for å skrive ein særeigen og iøyrefallande musikk. Arrangement har han skrive for store band før, og med dei handplukka musikarane i Trondheim-bandet gjekk alt opp i ein høgare einskap.
Med fem saksofonar, ein trombone, gitar, piano trommer og bass, får bandet eit "mjukare" klangbilde enn det tradisjonelle storbandet, og Siri Gjære er ein eminent vokalist i dette formatet.
Ti av dei beste instrumentalistane og solistane Midt-Norge har å by på (inkludert svenske Fredrik Ljungvist) var med på å gjere konserten til ein fest. Arrangementa var fulle av spennande konstellasjonar, som når Hegdal på baryton og bassist Ole Morten Vågan køyrer eit suggererande basstema under kveldens finaste låt, "African Rhapsody".
Det er ein frodig, folkloristisk jazz, ikkje ulik engelske Django Bates når han spelar storband. Det var ein strålande konsert, den totale musikkens siger.
Del på Facebook | Del på Bluesky
Og nå – len deg godt tilbake, slapp helt av
(09.06.26) Den som leiter finner, er det vel noe som heter. Har du hørt om Johanna Reiner-Nilsen?