Mariah Carey: E=MC2

Ein kan meine mykje om denne plata. Ein kan meine mykje om Mariah Carey. Ein kan og meine mykje om sjangeren. Men ein ting kan ein ikkje ta vekk; Denne plata er rett og slett dritbra!


Å skulle meine noko om Mariah Carey sin plate utan å diskutere personen sjølv er neste umulig. Frå å være den mestselgande artisten, saman med Shania Twain, på nittitalet var det mange som trudde, og kanskje håpa, at det rundt tusenårsskiftet skulle bli stille frå denne kanten. Platesalet stupte og dama gjekk på det som på godt norsk blir kalla ein kjempesmell. Men i stilen som amerikanarar elskar, kjempa ho seg gjennom motgangen og kom etterpå tilbake, kanskje enda sterkare enn tidligare. For med E=MC2, som er oppfølgaren til den suksessfyllte The Emancipation of Mimi, er ho tilbake på popdivatrona.

Carey har ikkje akkurat fått rykte på seg for å vere den smartaste dama i verda, men du oppnår ikkje slik suksess utan at det faktisk rører seg noko i toppen. Ei fantastisk stemme og gode genar tek deg ikkje til toppen. Talent hardt arbeid og gode samarbeidspartnarar må nemleg også vere med. Det er Mariah Carey eit godt eksempel på,. Ho har vært særs dyktig til å velje ut låteskrivarar og produsentar tidligare, og denne plata er intet unntak.

Så over til sjølve plata. Vi får servert den eine r`n`b perla etter den andre. Underteiknas system med å gradere låtar i tre kategoriar, bra, ok og dårlig slår aldri feil. Av platas fjorten låtar har heile åtte av dei hamna i avdelinga for ”bra”. I denne samanheng betyr det at dei er velproduserte, radiovennlig r`n`b, med gud og kvarmann som medprodusent og Carey sin velkjente stemme på toppen av det heile. Låtane som du absolutt bør få med deg er; "Migrate", "Side Effects", "Love Story", "I`ll Be Lovin` U Long Time", "Last Kiss", "Thanx 4 Nothin", "For The Record" og "Bye Bye". Av dei resterande er det strengt tatt berre sistelåta Wish You Well som fell igjennom. Resten er radiovennlig r`n`b som ein har hørt før, men som Carey gjer hakket betre enn konkurrentane sine.

Uttrykket ”Hørt det før” er noko som ofte er brukt om Mariah Carey, og på ein måte har dei rett. For hjulet blir på ingen måte funnet opp på nytt. Men der artistar som Lindsey Lohan, Hillary Duff og søstrene Simpson leverer musikk som går inn det eine øret og rett ut det andre, lagar Carey låtar som du raskt vert sittande å nynne på.

Eg bøyar meg rett og slett i støvet over denne plata. Alle påstandar som i nattas seine timar har blitt sagt om hennes musikk er hermed trekt tilbake. Mariah Carey er frå no av ok i min bok.


Del på Facebook | Del på Bluesky

God dokumentar om Earth Wind & Fire

(09.06.26) Med dokumentaren "Earth, Wind & Fire (To Be Celestial vs. That's the Weight of the World)" fortsetter Ahmir «Questlove» Thompson sin imponerende rekke av musikkfilmer. Etter suksessene "Summer of Soul" og "Sly Lives!" retter han nå blikket mot et av populærmusikkens mest innflytelsesrike band.


The Joy Thieves - sensasjonelt bra!

(09.06.26) Nådeløst, høyenergisk, tungindustrielt dansbar. Om «Apocalypse Pending» virkelig blir lydsporet til verdens undergang, skal vi danse oss til døde, smilende og lykkelige.


Sugar - bråkepop reunion for gamle fans

(08.06.26) En fin søndagskveld med bittersøt kraftpop, bråkete og melankolsk. Slik vil vi oppsummere den amerikanske trioen Sugars «Love You Still»-turné-opptreden på John Dee i Oslo på Punkens dag, 7. juni. (Amerikanerne feirer den 25.oktober.) Helt topp var det imidlertid ikke. I lengden ble det mye fyllmasse, låtene for like og vokalen for begrenset.


Eigil Berg hjemme på løkka

(08.06.26) Er dette trygt og tradisjonelt? Virkeligheten er nok stikk motsatt. Eigil Berg har lagd et virkelig originalt album.


Glimrende biografi om The Rolling Stones

(07.06.26) Er det virkelig noe nytt å melde om The Rolling Stones? Egentlig ikke. Men Bob Spitz’ biografi har blitt mer enn bare lesverdig – til tider skikkelig underholdende.


Heftig bra hardcore - Halcyon Days

(06.06.26) «True Norwegian Metalcore» kaller de det og jaaaaa! Hardcorehjertet mitt synger med!