Soundborne: Hallucinations
Spennande progrock debutplate frå Østfold.
Eigentleg var studioet booka for Premacy, men når gitarist Stian Dahl huska på ordtaket den eines død er den andres brød tok han tak og fikk realisert eit av sine andre prosjekt som har fått namnet Soundborne. Og det nye prosjektet leverar ei særs spennande plate som plantar begge beina sine i instrumental progrock landskapet. Når ein kallar ei plate spennandes, så ligg det også i lufta at sluttresultatet er noko uferdig.
Østfold bandet med Stian Dahl (gitar) i spissen, Torkill Riser (trommer), Morten Granheim (bass), Lasse Finbråten (keyboard) og Jørn-Arild Grefsrud (akustisk gitar) har flust av godlåtar på plata, men totalt sett vert det for mange låtar som fell igjennom. Til tross for kannonlåtar som Detective, Unreal, Space og Lava, vert det langt mellom høgdepunkta. For sjølv om det eigentleg berre er opningssporet The Race som fell i boksa for dårlige låtar er det for mykje fyllstoff på plata. Potensialet for ein botnsolid EP. ligg der, og eg skal innrømme at eg stussa veldig over spørsmålet om kvifor dette ikkje vart gitt ut som akkurat det.
Frå ein relativt hard start flatar plata ut og midtpartiet med låtar som Weather, Echoes, Lullaby og Le Roi Soleil blir direkte kjedelig, i alle fall for denne lyttaren. Når dei to sistnemnte låtane rulla på stereoen starta eg febrilsk å bla i følgjeskrivet for å dobbeltsjekke at dette ikkje var gitarvirtuos Ritchie Blackmores (fet:Deep Purple og Rainbow) hardrock comeback, men halvvegs ombestemt seg for deretter å ta på seg sin etterkvart berømte Robin Hood hatt. Frå spøk til alvor, ved å nemne Blackmore indikerar eg at bandet har musikalske evnar som strekk seg langt utanfor listepop som vi til dagleg må lide oss igjennom. Samtidig er det heller ikkje å fornekte at namnet Blackmore i dag, forutan å representere musikalsk genialitet, også står for ustabilt og uførutsigbart. Der ligg bandets største utfordring fram mot neste album, som etter rykta skal innehalde vokalist Rick Holmen, nemleg å få på plass ein longspelar som har stabil kvalitet på.
Løp og kjøp? Likar du progrock og instrumentalskiver? Då tvilar eg på du vil bli så veldig skuffa over denne. Mykje god musikk som bærer prov på bandets potensial. Eg gledar meg i alle fall til oppfølgjaren kjem.
Del på Facebook | Del på Bluesky