Maika: Radiation Refill

Gode låtar, flott vokal, fengande refreng, gode musikarar og glimrande produksjon.


Dei overnemnte delane som må vere på plass for å lage ei god plate er eigentleg alle dei elementa som Maika tydeligvis har gløymt. Det einaste denne plata gav meg var stor irritasjon og sirkulering kring spørsmålet kvifor? Kvifor lage ei plate der alt er så middelmådig at ein nesten skulle mistenke bandet for å ikkje ville gjere nokon til lags.

Kvifor skal vokalist Aria synge så flatt, lavt og lite inspirerande? Kvifor skal gitarist Micro spele så uinspirert? Kvifor følgjer rytmeseksjon ansvarlig Dag Midbrød opp dette med like uinspirert og kjedelig bass og gitar? Kvifor forsøker ikkje eingong bandet å tilføre popsjangeren dei lever i noko nytt? Og sist men ikkje minst, det spørsmålet som roterar mest rundt i tankane min; Kvifor i all verden har denne plata blitt gitt ut.

Gjennom min relativt korte karriere som musikkannmeldar har eg ofte fått tilsendt plater som eg mange gangar har starta med å utarbeide reine slaktannmeldingar for. Men undervegs har eg gitt platene fleire sjansar og deretter berre måtte ha innsett at platene var bra. Men denne plata var det rett og slett umulig å snu inntrykket av. Skal eg vere ærlig vart eg, som lesaren nok forstår, reint provosert av sluttresultatet.

Legg eg ekstrem godvilje til kan låtane ”Come In” og ”Love Love Love Love” kallast halvgreie låtar, men utanom dette så er nok dei innleiande orda om kva som manglar dekkande for denne plata.

Hadde denne musikkannmeldaren hatt dette som lønna yrke hadde han nok oppsøkt leiinga for å få utbetalt smusstillegg for tida som blei brukt for å annmelde denne plata. Før eg no skal takke vår herre for at eg aldri skal høyre meir på denne plata, skal eg oppsummere relativt kort og konsist; Rett og slett ei dårlig plate.


Del på Facebook | Del på Bluesky

God dokumentar om Earth Wind & Fire

(09.06.26) Med dokumentaren "Earth, Wind & Fire (To Be Celestial vs. That's the Weight of the World)" fortsetter Ahmir «Questlove» Thompson sin imponerende rekke av musikkfilmer. Etter suksessene "Summer of Soul" og "Sly Lives!" retter han nå blikket mot et av populærmusikkens mest innflytelsesrike band.


The Joy Thieves - sensasjonelt bra!

(09.06.26) Nådeløst, høyenergisk, tungindustrielt dansbar. Om «Apocalypse Pending» virkelig blir lydsporet til verdens undergang, skal vi danse oss til døde, smilende og lykkelige.


Sugar - bråkepop reunion for gamle fans

(08.06.26) En fin søndagskveld med bittersøt kraftpop, bråkete og melankolsk. Slik vil vi oppsummere den amerikanske trioen Sugars «Love You Still»-turné-opptreden på John Dee i Oslo på Punkens dag, 7. juni. (Amerikanerne feirer den 25.oktober.) Helt topp var det imidlertid ikke. I lengden ble det mye fyllmasse, låtene for like og vokalen for begrenset.


Eigil Berg hjemme på løkka

(08.06.26) Er dette trygt og tradisjonelt? Virkeligheten er nok stikk motsatt. Eigil Berg har lagd et virkelig originalt album.


Glimrende biografi om The Rolling Stones

(07.06.26) Er det virkelig noe nytt å melde om The Rolling Stones? Egentlig ikke. Men Bob Spitz’ biografi har blitt mer enn bare lesverdig – til tider skikkelig underholdende.


Heftig bra hardcore - Halcyon Days

(06.06.26) «True Norwegian Metalcore» kaller de det og jaaaaa! Hardcorehjertet mitt synger med!