Puls 11.05.01


ALL ACCESS: Kid Rock rocks! ( )


All Access

Tips noen om denne saken


Les også





Kalender



All Access på IMAX

Konsertoppleving på lerret. Det er ikkje kvardagskost, og i alle fall ikkje på det store IMAX-lerretet. Konsertfilmar har vel aldri heilt slått an, og årsaka er enkel. Konsert er best på konsert - ikkje på kino. All Access har europapremiere i kveld på IMAX på Aker Brygge.

All Access gjev glimt av livet bak scena, på scena før konsert, og nokre tankar frå artistane som er med, men musikken står sjølvsagt i sentrum. Filmen opnar veldig bra med Sting og den algirske bryllupsongaren Cheb Mami han er vel strengt tatt en opprørsk rai-sanger, red. anm.), så følger George Clinton opp med ei oppvisning i funky coolness saman med Mary J. Blige. Om ikkje Clinton var stor nok frå før, så blir han det i alle fall på IMAX-lerretet!

Sheryl Crow tar ein akustisk versjon av "If It Makes You Happy" som fall litt på grunn av at det heilt tydeleg er playback - og det verkar ein smule feil i ein konsertfilm. Carlos Santana og Rob Thomas gjer ei streit oppvisning, og Kid Rock rocker.

Dave Matthews Band med Al Green ser ut til å kosa seg med ein middels versjon av "Take Me To The River". Macy Gray er rett og slett berre bra, og BB King speler blues saman med rapgruppa The Roots. Til slutt får Moby æra av å spela "Porcelain" under rulleteksten.

Dei fleste av opptaka er prega av at dette er iscenesatte konsertar med filmopptak som mål, med unntak av Dave Mathews Band og Sting. Såleis får ein litt kjensla av at det er for perfekt. Det er i det heile tatt svært amerikansk og kommersielt. - Sjølvsagt, må ein jo seia, ettersom dette sikkert ikkje kosta lite å produsere.

Er det verdt å bruka 100 spenn på å sjå filmen? - Her er det nokre av verdas beste musikarar som spelar live, IMAX er kult, og lyden er Konge. Så svaret må bli ja. Men framleis er konsert best på konsert. Likevel: all honnør til Imaxfolka som har tatt inn filmen berre ein månad etter USA-premieren. Har du tid og pengar til overs, så stikk innom. Filmen vert spelt kvar dag klokka 20:00 i heile sumar.

Kva eg ville sett på Imax? Ein heil ekte konsert med eit bra band i 3D! Dèt hadde vore kult!


Holger Lockertsen





submit to reddit







Siste saker

Deep Purple: De gamle er fortsatt eldst!

Fremmed Rase: «Det e’ så varmt inn hær!»

Løkki: Hva norsk musikk trenger akkurat nå.

Christer Torjussen: Norges svar på Louis CK

Wallmans Oslo: Rockin'

Kris Kristofferson: "More country for old men"