Puls 02.05.08


Rules Of Engagement
Who We Are

Tips noen om denne saken

Sammenlign pris på Rules Of Engagement - Who We Are (Kelkoo)

Søk etter Rules Of Engagement: Who We Are på Amazon.com


Les også





Kalender



Rules Of Engagement: Who We Are (E.P.)

Rules Of Engagement leverer varene med sin andre E.P. Den kan samanliknast med fem treff på siste ståande skyting, sjølv om dei rett nok berre har fire låtar.

Kristiansandbandet Rules Of Engagement har holdt det gåande sidan februar 2006, men det er først no at bandet har fått ein tilnærma stabil line-up. Bandet består idag av gitaristane Kim-Arly Karlsen og Kjell Christer Ødegård, bassist Jarl Ivar Brynhildsvoll, trommis Glenn Jacobsen og den nyerverva vokalisten Bob Mørk.

”Out Of Time” setter standarden, med trommer som slår raskere enn fanden sjølv. Gitarer som ligg perfekt i lydbildet og rockar. Ein rytmeseksjon som legger fundamentet for tilhøyrande hauderisting. Og sist men ikkje minst, ein vokalist som innehar stemmeband med intensitet og lidenskap. Men kanskje skulle Mørk dratt på litt meir i enkelte partiar? Men uansett er dette melodiøs metal på sitt aller beste. Misforstå meg rett, hjulet er ikkje på nokon måte oppfunne på nytt.

Vidare plantar dei beina innan progmetal, med låta Endless Sleep som gir assosiasjonar til Steven Wilsons Porcupine Tree. ”Selfdestruction” fortsetter i samme spor. På denne låta får vi ein vannvitig rå avslutting, med trommer som live vil true med å bore hol i hjertet ditt.

Who We Are avsluttast med tittellåta. Med denne bygger dei oppunder det solide inntrykket ein har fått så langt. Ein vert rett å slett blåst vekk av intesiteten til bandet.

Etter sin promo Saved By Insanity var vi egentlig klar for ein longpspelar denne gangen, men vi kryssar fingrane for at neste utgivelse blir lenger.


Raymond Abeltun





submit to reddit







Siste saker

Lars Kolberg: Sort Blod

Summoning: With Doom We Come

Westhagen: Time To Leave Things Behind

Deep Purple: De gamle er fortsatt eldst!

Fremmed Rase: «Det e’ så varmt inn hær!»

Løkki: Hva norsk musikk trenger akkurat nå.