![]() |
Hjelp oss å prøvekjøre Puls' Kalender. Tilbakemeldinger: mathias@puls.no |
|
Puls 01.05.08
Sammenlign pris på Like Rats From A Sinking Ship - SXY SXY GSW EP (Kelkoo) Søk etter Like Rats From A Sinking Ship: SXY SXY GSW EP på Amazon.com Les også |
Like Rats From A Sinking Ship: SXY SXY GSW EP På Sunnmøre har vi eit uttrykk som går som følgande: "Nesten skyte ikkje hesten". Det oppsumerear på ein måte denne plata. Med årets kulaste albumtittel, Sexy Sexy Gunshotwound, prøver Trondheimsbandet Like Rats From A Sinking Ship veldig hardt å levere autentisk hard progrock/metal med tydelige influensar frå elektronika musikk. Dessverre klarer ikkje Timo Silvola, Remi Semshaug Langseth og Tony Gonzalez Fredriksen å levere eit sluttresultat som er heilt truverdig. Bandets debut E.P. bærer preg av eit ungt og urutinert band, som også sliter under ein produsent som ikkje akkurat har gitt bandet den hjelpa dei trenger. "March Of The Locusts" sparkar i gong E.P.`en. Med trommer som høyrast ut som blikkboksar, bass som ikkje kan høyrast og gitar på fuzz light, burde ein rutinert produsen kunne høyre at lyden ikkje holdt mål. Når musikk og melodi blir på grensa til masete, forstår ein at starten ikkje er noko å hoppe i taket for. "Smash The Crystal Larynx fortsette i same spor og underteikna var i full gang med å leite fram slakterkniven sin. Men progmetal inspirerte "Vulture Culture" snur den negative kurva og startar bergingsaksjonen. I hvert fall viser den at bandet kan bedre enn det som dei to føregåande låtane viser. "You Can`t Hug Your Children With Nuclear Arms" gjer redningsaksjonen komplett. På disse låtane får vokalisten vist fram den aggressiviteten, intensiteten og all angsten som ein truverdig vokalist innane rock/metal sjangeren skal framvise. Klarer bandet å luke ut dei dårlige låtane til langspelaren som forhåpentligvis kjem, kan dette bli rett så bra.
|
Siste saker DEADMAN - TAKE UP YOUR MAT AND WALK The Great Big Taters: Setback Catalyst (EP) |