Puls 06.09.07


Tenk på kva som kunne ha blitt.


Arbogast
Too Proud To Stick To Winners

Tips noen om denne saken

Sammenlign pris på Arbogast - Too Proud To Stick To Winners (Kelkoo)

Søk etter Arbogast: Too Proud To Stick To Winners på Amazon.com


Les også

Nye navn til Quart-programmet (26.03.01)

Arab Strap: The Red Thread (27.02.01)

Delgados' selskap gir ut online-album (15.09.00)

Arab Strap: Elephant Shoe (05.10.99)



Kalender



Arbogast - Too Proud To Stick To Winners

Vi kjenner alle følelsen av å ha høyrt ei plate som kunne vært så uendelig bra hadde dei hatt pengar og tid til å gjere det skikkelig. Dei beste låtane, på Too proud to stick to winners, får deg til å drøyme deg vekk i korleis plata faktisk kunne ha blitt.

Etter tre E.P`ar er endelig Svante Widerströms Arbogast ute med sin første longspelar. Resultatet varierar frå fantastisk til håplaust. Restless dogs united vinn deg over med sin stonerrock prega gitar som får deg til å tenke at dette høres ut som ein miks mellom Black Sabbath og Queens of the Stone Age anno 2007. Vidare vil All the time få deg til å tenke: ”ajajaj, dette er jo bare magisk”. For denne låten har gitarriff som får deg til å dagdrøyme deg bak rattet til ein motorsykkel susande på amerikanske landeveiar, og som osar stonerrock.

Når så Look at yourself and cry og universal hitchike er ferdig irriterar du deg over at Arbogast ikkje har fått litt meir pengar mellom henda slik at dei kan lage ei plate som held kvaliteten til desse songane. For resten er dessverre av slik kvalitet at dei syter for at Arbogastmest sannsynlig føyar seg inn i rekka av band som etterkvart blir kjente for kva som kunne ha blitt, istadenfor kva som faktisk vart.

Løp og kjøp? Likar du følelsen av umiddelbar begestring som mest sansynlig år over? Da er dette plata for deg. Litt som ein sein sommarforelskelse som var fantastisk der og da, men som du etter kvart innser hadde for mange negative sider til at det kunne bli noko meir.


Raymond Abeltun





submit to reddit







Siste saker

Fremmed Rase: «Det e’ så varmt inn hær!»

Løkki: Hva norsk musikk trenger akkurat nå.

Christer Torjussen: Norges svar på Louis CK

Wallmans Oslo: Rockin'

Kris Kristofferson: "More country for old men"

Singin’ in the Rain: Vanntett underholdning!