Taliban Airways - Blues for the Almighty

Taliban Airways er ute med sin debutlongspelar. Dei seiar sjølv at dei ikkje er så nyskapande og det er greitt nok, men når dei samstundes har laga ei plate med få høgdepunk vert det for tynt. Sluttresultatet blir dermed at dei føyar seg til den særs lite eksklusive lista over uviktige plateutgivingar i Noreg.


Taliban Airways har eksistert sidan våren 2002, og har sidan debuten i 2002 blitt eit respektert namn i rockemiljøet i Tromsø. Musikken deira har utvilsamt henta inspirasjon frå stonerrocken, det er nok av seige gitarriff for å seie det slik. Taliban Airways har tidligare gitt EP`en fetRoyal Anthem, noko som resulterte i speletid på urørt, tv opptreden på NRK2`s Blender, noregsturnear og oppvarmingsjobbar for band som Thulsa Doom, Black Debbath, The Cumshots og fleire. Og til sommaren har dei sikra seg ein plass på årets Bukta festival.

Taliban Airways består av Erlend J. Jensen (Vokal og gitar), fetYngvar Mehus (Gitar, kor og produsent), Sindre Bakkland (Bass) og Morten Rydland Høyning (Trommer).

Styrka og svakheita til Blues for the Almighty er at den rett og slett er fryktelig midt på treet. Med bare Suck up Soldier og Beat around the bush som utprega høgdepunkt vert det for tynt. Av svakare spor er det bare Gold Digger og Easily amused som verkeleg dreg ned snittet på plata. Men så var det resten da? Fem av ni spor er av typen som du sett på, for så tjue minuttar seinare gløyme at du har hørt.

Plata er på ingen måte dårlig, men den er heller ikkje bra, den er bare så utrulig ordinær at den går inn det eine øyret og ut det andre. Men på den andre sida kan dette kanskje bli vesentleg betre live, då ein har nokon på scena som gir musikken noko ekstra.

Løp og kjøp? Tja, låtane Suck up soldier og Beat around the bush bør i hvert fall kjøpast og hørast igjennom. Dei er to soleklare høgdepunkt som du ikkje bør gå glipp av.

Er du fan av stoner rock, så vil du mest sannsynlig ha høyrt dette før.


Del på Facebook | Del på Bluesky

Sjitkult med Dogstar

(14.06.26) Dette er ikke et band som speller for å tjene store summer eller bli superstjerner, jeg kan se for meg at de jammer i en halvåpen garasje mens de skravler om løst og fast, som på film.


Bildespesial: Piknik i Parken, 2026

(14.06.26) Sommer i Oslo, midt i juni? Ikke akkurat. Piknik i Parken ble likevel et meget vellykka arrangement, som vanlig. Og vi har de beste bildene, som vanlig.


Ypperlig, Death Cab For Cutie

(13.06.26) Du skal leite lenge for å finne bedre indie-pop/rock.


Perfeksjonistene i Dimmu Borgir

(12.06.26) Dette er ikke ett kjedelig sekund, ikke én feil tone. Musikken vrir og bukter seg, som en slange. Hver eneste låt er et lite mesterverk.


Og nå – len deg godt tilbake, slapp helt av

(09.06.26) Den som leiter finner, er det vel noe som heter. Har du hørt om Johanna Reine-Nilsen?


God dokumentar om Earth Wind & Fire

(09.06.26) Med dokumentaren "Earth, Wind & Fire (To Be Celestial vs. That's the Weight of the World)" fortsetter Ahmir «Questlove» Thompson sin imponerende rekke av musikkfilmer. Etter suksessene "Summer of Soul" og "Sly Lives!" retter han nå blikket mot et av populærmusikkens mest innflytelsesrike band.