![]() |
Hjelp oss å prøvekjøre Puls' Kalender. Tilbakemeldinger: mathias@puls.no |
|
Puls 18.05.07
Sammenlign pris på Porcupine Tree - Fear of a Blank Planet (Kelkoo) Søk etter Porcupine Tree: Fear of a Blank Planet på Amazon.com Les også Porcupine Tree: Anesthetize (DVD) (22.06.10) NW: Porcupine Tree med vellyd - uten publikumstekke (11.06.10) Porcupine Tree i bilder (25.10.09) Porcupine Tree: The Incident (20.09.09) Quart 2005: Brukbar rockedag (07.07.05)
|
Porcupine Tree - Fear of a Blank Planet Enkelt og greitt progrock på sitt aller beste. Porcupine Tree er tilbake med sitt niande studioalbum. Frontmann Steve Wilson, som forutan vokal også har bidratt med gitar, piano og trommer, har som vanleg gjort det aller meste sjølv. Richard Barbieri trakterer keyboard og synteseizer, Colin Edwin spelar bass medan Gavin Harrison tek seg av trommene. Når Porcupine Tree kjem med sitt niande album, er det i form av eit konseptalbum som i korte trekk beskriver korleis dagens nedsløva menneske kan gjere opprør mot den nymoderne verda som har tatt frå oss gleda ved å være eit menneske. Med andre ord: her er det mykje dystert tekstmateriale. Plata startar med tittelkuttet Fear of a Blank Planet er ei relativt hard låt som kombinert med Wilson sin vokal følast ut som eit lite maratonløp, som på mange måtar virkar som ein beskrivelse av dagens ungdom. My Ashes er prega av håplausheit både i tekst og musikk (roleg låt med hærlege strykar parti), mennesket oppdagar at noko er gale med måten vi lever livet vårt på. Etter å ha oppdaga at det er noko gale med livet vi lev kjem den rolege starten på Anesthetize, der vi vi ønskar å gjere opprør, men vert hindra av det nymoderne liv før naturen gir oss ein aha opplevelse. For so å verkeleg forstår at noko må gjerast gjennom låta Sentimental. Way Out of Here er ei relativ hard låt, som kan samanliknast med eit langt frustrerande brøl, der vi tek første steget mot fridom og der vi forstår at for å bryte laus må vi gje slepp på alt. Gjennom Sleep Together forstår vi att den umiddelbare framtida ikkje nødvendigvis ser so alt for bra ut, og vi vil aller helst sleppe å tenke på framtida. Men ved å forlate dagens høyteknologiske verden kan vi finne ei framtid som ser mykje lysare ut enn den vi ser i dag. Musikken her er veldig start og stopp prega som på ein fin måte komplimenterar usikkerheita som er i teksta. Med andre ord er det ikkje akkurat noko festplate som Steven Wilson og Porcupine tree har laga. Eg skal glatt innrømme att det tok mange gjennomlyttingar før eg innsåg for ei ekstremt bra plate dei har laga. Men når musikk og tekst går hand i hand, sjølv om det er dystre landskap dei beveger seg i, så gir det ein heilt spesiell følelse. Løp og kjøp? Vist du har tid til å sette deg ned og verkeleg høre på plata så vil du med stor sannsynlegheit kome framt il same konklusjon som meg: Ei fantastisk plate som du mest sannsynleg vil plukke fram mange gongar.
Dette er musikk som du må sette deg ned å høyre på for å ha glede av.
|
Siste saker VAN HALEN - A DIFFERENT KIND OF TRUTH DEADMAN - TAKE UP YOUR MAT AND WALK |