![]() |
Hjelp oss å prøvekjøre Puls' Kalender. Tilbakemeldinger: mathias@puls.no |
|
Puls 13.05.07
Sammenlign pris på Heroes & Zeroes - Strange Constellations (Kelkoo) Søk etter Heroes & Zeroes: Strange Constellations på Amazon.com Les også |
Heroes & Zeroes - Strange Constellations Omtrent kvart år kjem det nye band som skal bli det nye store bandet som vi i Noreg har venta so lenge på. Dessverre så viser det seg ofte at band som vert hausa opp til å skulle vere det nye store heller vert ein parentes i den norske musikkhistoria. Heldigvis ser Heroes & Zeroes ikkje ut til å bli eit av desse banda. Heroes & Zeroes består av Hans Jørgen Undelstvedt (gitar og vokal), Lars Løberg Tofte (Bass) og Arne Kjelsrud Mathisen (trommer). Etter å ha vunne Urørt finale på p3, gitt ut eigen EP og deltatt på NRKP3 sin P3sessions turne gjennom sommaren 2006 har bandet allereide skaffa seg ein fanbase i Noreg. Når debutplata no kjem ut så er det eit stort apparat som står i ryggen på dei. Universal Music er ikkje akkurat noko indielabel, så det har blitt mykje promotering av den nye plata. Så då var det kanskje litt skuffande at bandet ikkje klarte meir enn ein 13.plass i si debut veke på VG lista. Men listeplassering heng heldigvis ikkje alltid saman med kvalitet. Ein skal ha levd under ein stein det siste året for ikkje å ha fått med seg at Heroes & Zeroes har blitt utpeika til å bli det nye store. Underteikna har ein tendens til å vere veldig skeptisk til band som får dette stempelet. Eit meget godt eksempel på eit slikt opphausa band er nå oppløyste Span. Som etter enorm opphausing i media etterkvart vart liggande med bråten rygg. Etter å ha hørt dei både på plate og live så var ikkje nødvendigvis det så overraskande. Men no skal ikkje Heroes & Zeroes lide for plateselskapet si satsing. Det finst heldigvis nok av eksempel på att det som skal verte det nye store vert akkurat det. Men har så opphausinga rot i att dette er ei sterk plate? Etter å ha gitt plata litt tid så datt eg ned på eit soleklart ja. I min relativt korte karriere som musikk annmeldar så er det første gong der så mange av låtane kjem ned i pluss margen, heile sju av ti faktisk. Det talar om ei plate som er sterk. Dei tre første spora; Into the light, A strange constellation og Headlong kicks er vell dei einaste som trekk ned for meg. Masete og med på grensa til irriterande refreng var følelsen eg satt igjen med etter opningsspora. Men derfrå og ut er det ei oppvisning i catchy poprock. Oslo Fadeout gir deg følelsen av å kjøre berg og dalbane gjennom oslo uteliv. The foolproof er ei midtempo låt med herleg gitar som nok kan minne litt om U2 på ballade gir. The argument startar med eit feit bass riff. Cellophane er ei sterk låt som vant Urørt finalen på NRK p3 sin urørt konkuranse. Two more weeks har eit meget behagelig gitar riff som går igjen i låta. The thin line startar med eit refreng som høyres ut som REM på sitt aller beste. Do this right er nok ei ballade, og igjen lykkast Heroes & Zeroes. Lydbildet på plata vitnar om att dette skal til topps på lister, forhåpentligvis også utanfor Noreg. Plata er spekka med potensiale radiohits. Bandet har lånt frå mange band, ein vil kunne finne likheitstrekk med band som for eksempel All american rejects, The Killers, Snow Patrol. Men også band som Wolfmother og Queens of the stone age, REM og U2 er det spor av på denne plata. Med andre ord er Strange Constellations poprock på sitt aller aller beste. Løp og kjøp? Skulle aller helst berre skreve ja no, men fordi eg elskar lyden av mi eiga stemme inni haudet mitt så seiar eg: Løp og Kjøp? Oh Yeah!
/ Del på Facebook |
Siste saker Waklevören: 8 år med eggedosis, O`Boy og thrashmetal stand-up |